Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplan

Arkivplanen gjev bindande rettningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Arkivplanen skal sikre at Meland kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6:

"Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Oppdatering av arkivplanen skal skje når:

  • eit tenesteområde får oppretta ein ny arkivdel
  • det blir teke i bruk ny arkivnøkkel
  • eit tenesteområde tar i bruk eit nytt dataverktøy for lagring av informasjon
  • tenesteområde blir lagt ned eller oppretta
  • det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
  • det blir gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglement
  • kommunale oppgåver vert overført til verksemder utanfor kommunen

Arkivleiar avgjer om det er behov for oppdatering av arkivplanen når:

  • det blir tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel
  • det blir tatt i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon

Arkivleiar skal ha melding om alle endringar med mogelege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk, og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.

Laster...